Eikefjord vant heime mot Lærdal!

Eikefjord vant 5-0 mot Lærdal på Eikefjord Stadion i kveld. Heimelaget hadde 5 ulike målscorarar, og spelet var av ein slik karakter at det var verkeleg kjekt å sjå tangotrøyene spele fotball. Det var fleire som skulle ha teke turen til stadion i dag for dette spelet var verkeleg bra.

Kampfakta 4.divisjon Eikefjord stadion:

Eikefjord – Lærdal 5-0(2-0)

1-0 Ørjan Midtun

2-0Dani Brandsøy

3-0Børge Langedal

4-0 Jan Kåre Gabrielsen

5-0 Sverre Martin Langedal

Dommer i kampen var den velkjende Erikstad i frå Jølster. Han gjorde ein svært god kamp som dommar, dette er varemerke til Erikstad.

Eikefjord:

Bjarte hadde gjort ein forandring etter at biletet gjekk i trykken. Midttun spelte istaden for Joakim.

Byte Eikefjord:

Eikefjord gjorde 4 byte midt i andre omgangen.Markus inn for Dani, Geir inn for Øyvind, Joakim inn for Midttun og Hopen inn for Jan Kåre.

Eikefjord var klart best i spel og sjanser. I dag tok heimelaget verkeleg fram storspelet, og hadde mange svært så fine angrep på ei litt våt, men ei elles perfekt grasbane. I det fyrste kvarteret av kampen var heimelaget litt nølande og Lærdal vår fullt på høgde med dei oransjekledde. Lærdal viste ved fleire høve at dei har spelarar som hevdar seg godt i 4. divisjon, utan at bortelaget kom til dei heilt store målsjansene i denne perioden. Pasningane til heimelaget sat ikkje heilt, og det var tydeleg at ballen rulla litt saktare enn vanleg og at ein måtte bruke meir kraft for å få ballen til riktig adressat.

Men så byrja Eikefjord å trille meir ball, og heimelaget byrja å overta banespelet litt etter litt. Tord løp forbi heile forsvaret, men åleine med keeper så skaut han like utanfor. Så fekk Eikefjord ein corner, og etter mykje fram og tilbake i feltet, så sette kaptein Midttun ballen i mål og 1-0.

Deretter bølgja spelet litt fram og tilbake, og Lærdal hadde fleire sjansar som med litt meir presisjon lett kunne ha hamna bak Nils Olav i målet.  Sogningane hadde eit par svært gode spelarar på si venstre side som i denne perioden kom til fleire halvsjansar.

Men det vart med desse halvsjansane for bortelaget. Eikefjord byrja no for alvor å ta over banespelet, og produserte fleire situasjonar som kunne ha resultert i mål. Dani kom åleine med keeper to gongjer, men diverre på fyrste forsøk gjekk ballen til side for mål. På andre forsøk gjekk ballen i nota bak keeper og heimelaget gjekk opp til 2-0.

Etter sidebyte gjekk Eikefjord opp til 3-0 etter ein fin flikk av Børge Langedal rett i mål. Bjarte braut ein ball høgt oppe i bana, og han fossa framover over halva bana. Bjarte spelte fein kort vegg med Tord, og han fekk ballen att heilt nede på ved cornerflagget. Bjarte klarte å leggje ein markkrypar foran mål, og der kom Børge og sette ballen bak keeper.

Det er to angrep i kampen som er verdt å ta med seg: 1. Målet til Jan Kåre som er det fjerde målet i kampen. Der går ballen rasande fort og alle spelarane spring riktig i forhald til ballen. Dette er eit angrep som er teke rett ut i frå Sir Alex si lærebok, og som underteikna gjerne skulle ha forklart lesarane i både ord og teikning, men grunna VM så får ein heller kome tilbake til dette etter ved eit seinare høve . 2. Angrepet der Joakim dundrar ballen knallhardt på heil volley etter ein særdeles utsøkt pasning i frå venstrefoten til Eirik Endestad. Erik Endestad kjem seg forbi heilt nede på på dødlinga til venstre for Lærdal sitt mål, han ser opp og ser at Joakim står åleine på motsett side. Med venstrefoten sender Eirik ein høg ball som Joakim skyt direkte på volley rett i tverrleggeren.

Der siste målet var eit frispark i frå 25 meter. Sverre Martin la hardt inn og ballen gjekk rett i mål.

PS. Innbytar og gutespelar Andreas Hopen hadde ein kjempesjanse til å lage 6-0, men ballen gjekk diverre til side for målet.

Prematchen kan du lese her.

Dette var ein solid gjennomført kamp av heimelaget der spelet var særs bra. Tord, Jan Kåre, Midttun og Sverre var svært gode på midtbana i dag. Les kva Lærdal skriv om kampen her.

Neste kamp er i mot Kaupanger heime fyrstkomande onsdag på jonsokafta. Kampen startar kl 19.00, og ein ynskjer publikum velkomen på stadion. Med det spelet som vart vist på bana i dag, kunne langt fleire ha kome og sett på kampen. Ein vonar difor at fleire tek turen på bana på onsdag . Vel møtt!