Prematch

Eikefjord ligg på 2. plass på tabellen med 19 poeng, medan Lærdal har 16 poeng på plassen bak. Så dette ligg an til å verte ein tøff og tett fotballkamp med mykje duellar.  Framfor alt  vonar ein på mykje fint spel i frå begge lag. Vi ynskjer Lærdal og publikum velkomen på bana i morgon!

Dette vert ein svært så tøff kamp for dei oransjekledde skal dei i det heile teke klare å ta poeng i denne kampen. Lærdal fekk ein særs god start på sesongen med 13 poeng på dei 5 fyrste rundene. Laget i frå Sogn har sidan den gong krabba seg sakte, men sikkert oppover tabellen og har no 16 poeng, berre tre poeng bak Eikefjord.

I morgon er dette eit sannsynleg lag Eikefjord stiller til med i frå start:

Det einaste er om Bjarte torer å starte med Ørjan Midtun i frå start, då går Ørjan inn på sentral midtbane. Ørjan har vore ute med skade sidan kampen i Førde for nokre veker sidan. På høgreback er det close race om kven av dei tekniske unggutane Øyvind og Geir som vert brukt.