Eikefjord vann 2-1 over Veitastrond!

Veitastrond tok leiinga 1-0 midt i andre omgangen. Eikefjord svara like etter då Dani Brandsøy utlikna med ein vakker lobb. Rett før slutt gjorde Sverre Martin ingen feil åleine med keeper og Eikefjord tok leiinga 2-1. Dette vart og sluttresultatet, og spelarane på Eiekfjord fekk soleis ein fin start på helga.

Eikefjord var det beste laget i dag i ein kamp som var prega av lite sjanser, lite duellar og totalt blotta for noko ein kan kalle publikumsvenleg fotball. Begge lag prøvde å halde ballen mykje i laget, og begge lag var heller litt forsiktige framover på bana. På heimelaget var det ein del feilpasningar og litt lite prat innad i laget, men til liks med bortelaget, så forsvara heimelaget seg rimeleg bra med mykje løping. Laga var flinke til å skyve til begge sider når motstandaren hadde ballen. Dette var ein kollektiv siger der alle spelarane jobba bra slik at viktige tre poeng var att heime i Eikefjorden. I dag vil ein trekke fram Ørjan og Jan Kåre på midtbana, samt Sverre og Dani som laga dei to viktige måla. Dette var Dani sitt fjerde mål på to kampar. På stillinga 1-1 kunne Dani lett ha laga laga 2-1 målet, men åleine med keeper bomma han på ballen og skaut på fuglane i  istaden. Men like etterpå hadde heldigvis spisskollega Sverre is i magen, og åleine med keeper gjorde han ingen feil. Ein må leggje til at Sverre hadde omtrent ope mål ein gong i den fyrste omgangen, men med ballen på feil fot vart det ikkje så lett.

Heimesida til Veitastrond har ei live oppdatering i frå kampen her.

Heimesida til Veitastrond har  eit kampreferat her.

Elles så takkar Veitastrond oss for ein fairspelt kamp, og ynskjer oss lukke til i sesongen. Vi og  takkar Veitastrond for kampen og ynskjer dei og lukke til i sesongen!


Kampfakta

4.divisjon, 3.runde, Eikefjord Idrettspark

Eikefjord-Veitastrond 2-1 (o-0)

Mål:

0-1 Frode Kvam etter 59 minutt.

1-1 Dani Brandsøy etter 63 minutt.

2-1 Sverre Martin Langedal etter 87 minutt.

Dommar: Ståle Sandal, Breimsbygda

Eikefjord stilte med fylgjande lag:

Midt i den andre omgangen gjekk Joakim ut, medan Ole Martin kom inn for han. Rett før slutt gjekk også Tord ut, medan Sondre kom inn for han.

Veitastrond stilte med følgande lag;

Gøran

Øivind – Kenneth – Erlend – Øyvind (k)

Bjørn – Emil – Helge – Åsmund

Frode – Kurt

På benken; Gaute, Erlend H og Øystein

PREMATCHEN KAN EIN LESE HER

Meir kjem