Dani laga tre mål i mot Skavøypoll!

Eikefjord vann 5-2 i den tredje seriekampen for sesongen.  Dani Brandsøy, som byrja på benken, svara på tiltale og laga heile tre mål då han kom inn!

Eikefjord vann 5-2 over Skavøypoll i finvêret på Idrettsplassen i ettermiddag. Tangotrøyene tok i mot eit relativt ungt lag i frå Skavøypoll. Fyrste omgang var eit heller dårlig kapittel, mykje feilpasningar, lite prat og heller lite som fungerte. Men trass i dette skapte heimelaget eit par store sjansar på dødball der det burde ha vorte scoring.

Bortelaget skapte heller lite i denne omgangen. Dei kom på skothald ved nokre høve, men skota gjekk anten til side for mål eller så gjekk dei rett på keeper. Sjølv om heimelaget ikkje gjorde nokon framifrå fyrsteomgang, hadde dei likevel det vesle overtaket i denne omgangen.
Når andre omgang byrjar får heimelaget ein pangstart. Børge blir felt utanfor 16 meteren høgt oppe på bana. Joakim slår inn frisparket som treff pannebrasken til Ørjan Midttun, 1-0!

Etter 1-0 scoringa gjekk spelet litt fram og tilbake utan dei heilt store sjansane. Men så skjer det, bortelaget får frispark som blir slått inn foran boksen. Dommaren peikar brått på straffemerket.
Straffe til Skavøypoll etter halding i trøya av Bjarte Eikevik. Straffa blir satt sikkert nede til høgre, og ein er like lang med 1-1.
Etter dette måtte heimelaget heve seg att. Begge lag prøver no å få den avgjerande 2-1 scoringa, og det er heimelaget som får ballen i mål. Børge vert spelt gjennom åleine med keeper. Børge er iskald og kjippar elegant ballen over keeper og i mål, 2-1!

Eit kvarter ut i andre omgang gjer Eikefjord eit spelarbytte, Dani Brandsøy inn for Tord Ness. Ikkje mange minuttane etter dette blir Dani spelt gjennom og set ballen sikkert til side for keeper. 3-1. Dani legg på til 4-1, før Skavøypoll får ei redusering. Så set Dani atter ein gong ballen i mål. Heimelaget vinn fortent 5-2 etter spel og sjanser.

Kampfakta:

4.divisjon, Eikefjord Idrettspark, 2 Mai 2010

Eikefjord-Skavøypoll       5-2   (0-0)

Mål:

1-0 Ørjan Midtun (57 min)

1-1 Stian Hagen Åmelfot (65 min, straffe)

2-1 Børge Langedal (70 min)

3-1 Dani Brandsøy (75  min)

4-1 Dani Brandsøy (81 min)

4-2 Magnus Nore (86 min, straffe)

5-2 Dani Brandsøy (90 min)

Eikefjord stilte med fylgjande lag i frå start:

Eikefjord gjorde tre byter i kampen. Ut gjekk Tord, Sverre og Børge. Inn kom Dani, Sondre og Markus.

Dommar: Jeiki. På linja gjekk Fredrik Helland og  Tore Almenning. 

Prematchen les du her!