Eikefjord vann 3-0 borte i mot Førde 2 på laurdag. Til pause var stillinga 2-0 etter mål av Børge og Dani. Dani laga bortelaget sitt siste mål. Gutespelar Andreas Hopen kom inn som innbytar, og soleis debuterte han 4.divisjon i denne kampen. Vi gratulerer!
Kampfakta:
4.divisjon
Førde 2-Eikefjord 0-3 (2-0)
Mål: Dani 30 min, Børge 35 min og Dani igjen etter 60 min.
Gult kort: Eirik Endestad
Dommar: Kjell Alme, Sandane
Lagoppstilling Eikefjord
Byte Eikefjord: Midtun ut og Joakim inn etter 10 min. I den andre omgangen var som fylgjande: Geir kom inn for Øyvind etter 30 min, Markus og Hopen kom inn for Børge og Dani på slutten.
Førde 2: Fredrik Hanssen (Torgeir Våge 46); Kristian Langedal, Stian Tefre, Tobias Holsen Oppedal, Sondre Herstad, Frode Fjørstad, Øyvind Blikra (Sondre Holsen Kyte 76), Øystein Stafsnes Bøyum, Runar Langvatn (Einar By 46), Sindre Alisøy, Bjørnar Hellenes (Espen Aahjem 73).
Eikefjord var heilt klart best etter spel og sjanser, det var liten tvil om at kva lag som ville vinne kampen . Spesielt Jan Kåre og delvis Tord hadde ein bra dag på midtbana, og forsvaret hadde full kontroll på dei angrepa som kom. Også Børge må nemnast som laga eitt mål, og han var tilretteleggjar på mål nummer to. Til liks med dei to siste kampane så jobba Børge godt oppe på topp, men i dag fekk han til mykje meir på det han prøvde på. Spesielt er Børge god når han får ein presis ball spelt opp på seg som møtande spiss, og han deretter snur seg og set fart.
Førde hadde ein del svært unge gutar som tidvis viste at det gror godt i fotballen i Førde. Og med 5 gutelag så må det naturlegvis vere nokon gutespelarar som er gode nok for 4.divisjon. Eikefjord på si side spelte heller ikkje opp mot sitt beste i denne kampen, ein har framleis mykje gå på framover på bana. Alle spelarane gjorde ein bra innsats, men samhandlinga kunne ha vore betre ved fleire høve, då hadde bortelaget laga endå fleire mål i ettermiddag. Men dette kjem garantert til å verte betre utover sesongen då spelarane får fleire kampar i lag.
Etter ti minutt måtte Ørjan Midtun forlate bana då noko låste seg i låret hans, og inn kom Joakim Brandsøy. Eikefjord starta famlande, det var lite snakk på bana og duellspelet var ikkje heilt det store. Men så brått vakna ein, og ein byrja for alvor å ta kontroll over midtbana. Noko som bør nevnast i første omgang er sambataktene som Eirik Endestad viste fram. Ved å elegant slå ein frekk tunnell på ein Førde-spiller og deretter sendte vidare ei utsøkt utsidepasning til Børge, viste Eirik ved dette høve at også har alvorleg mykje teknikk i seg.
Her er Børge på veg med ballen og han dunkar ballen knallhardt til side for mål og 0-2:
Her lagar Dani sitt andre mål for dagen:
Dani laga 0-1 på eit glitrande forarbeid av Børge som gjekk ned til dødlinja og slo 45 grader rett ut. Like etter sette Børge sjølv inn det andre målet etter å lurt vekk ein spelar på Førde, og åleine med keeper gjorde han ingen feil. Det var Dani som slo ballen til Børge i dette tilfelle.
I den andre omgangen overtok Eikefjord fullstendig midtbana, og Dani sette heilt fortent inn det tredje målet i kampen. Dani er no oppe i heile seks mål på sju kampar, så han er toppscorar i serien. Midtun og Børge er på plassane bak med tre mål kvar.
Jan Kåre og Sigurd skal ha skryt for at dei kjem på dagstur til Førde heilt i frå Bergen for å spele kamp, det er ein imponerande innsats av begge desse to. Og ikkje minst, tre poeng var særs viktig å få med seg heim att til Eikefjorden.
Her er kva Førde skriv om kampen.
Neste kamp er heime i mot Gaular på fredag klokka 18.00, så då bør eikefjordingane kome og heie på tangotrøyene!
Her er bileta:

















































































































