Eikefjord vann 2-0 over Selje!

Det var ein fin dag for heimelaget på stadion i dag. Grasmatta var fin og fast , tangotrøyene vann 2-o og Eikefjord har endeleg, etter lang tid ved forhandlingsbordet med Florø Sportsklubb, fått Stian Brandsøy som manager!

Det var fleire av spelarane som frykta ei laus og dårleg grasmatte grunna småregnet som har vore i dei siste dagane. Men underlaget var fint og fast, og både på Eikefjord stadion, Old Trafford og Santiago Bernabèu har dei vatning på bana for å få ballen til å gå fortare. Forskjellen er berre at i Eikefjord så kjem vatnet from the clouds above, og ikkje i frå bakken. Det einaste er at kanskje graset skulle ha vore eit par ørsmå millimeter kortare, spesielt gjekk dette utover heimelaget sine tekniske backar, som då heller valde ein sikker pasning til medspelar istaden for å drible seg oppover langs linja.

Til pause var stillinga 0-0. Måla i den andre omgangen vart laga av dei to spelarane med bokstaven ø i førenamnet. Eikefjord fekk ei heller billeg straffe tidleg i omgangen då Børge vart lagt i bakken, men Joakim sklei då han skulle skyte og ballen gjekk til side for mål. Straffesparket var mykje likt Terry i Champions League-finalen i 2008, så Joakim er i celebert selskap sånn sett. Like etterpå tok kaptein Ørjan Midttun ansvar, og sette inn 1-0 på eit fint skot på halvdistanse. Så fekk Eikefjord frispark, og med eit perfekt skot langs bakken sette Børge ballen til venstre for både muren og keeper.

Kampen i dag var prega av ein del feilpasningar, spesielt i den fyrste omgangen. Dette var den andre graskampen for heimelaget. Dei orangekledde vann kampen fortent, sett ut i frå spel og sjanser i løpet av to omganger. I den fyrste omgangen var laga jamngode, og bortelaget hadde vel den aller største moglegheiten då Nils Olav brått fekk såpe på keeperhanskane  og serverte ballen på sølvfat til ein spelar på Selje. Men den elles så habile keeperen redda seg fint inn att og fekk slått ballen til corner.

Elles kan det offensive spelet verte betre på heimelaget, då den siste tredjedelen i mange av angrepa vert for upresis. Alle spelarane jobba godt, så dette må kunne seiast å vere ein lagsiger. Sentrallinja med Eirik, Bjarte, Jan Kåre, Midtun og Børge var gode i dag. Selje var ein fin motstandar å spele i mot, det var lite å utsetje på Fair Play i dag, så Eikefjord gleder seg til å ta turen til Selje på hausten.

Kampfakta:

4.divisjon, 6.runde på Eikefjord stadion

Eikefjord-Selje 2-0 (0-0)

Mål Eikefjord:

10 minutt Ørjan Midtun

15 minutt Børge Langedal

Gult kort Eikefjord Ørjan Midtun

Dommar: Ragnar Raggen Åmot var god i dag. Det einaste var at han fann på ein ny regel i dag, han dømde frispark mot Eikefjord sin treigaste spelar, grunna ordrett sitat ”for stor fart inn i taklinga”.

Lagoppstilling Eikefjord

På slutten av kampen vart Joakim bytta ut med Sondre, medan Håkon kom inn for Dani. Ubenytta reserver i dag var Markus, Even og Hopen.

Stian Brandsøy er svært så interessert i fotball og har svært gode kunnskaper om spelet. Stian har inntil nyleg vore med i trenerteamet til Florø, men no har Eikefjord endeleg fått han til klubben som manager. Stian har vore mykje og sett på treningane til Eikefjord i det siste.

Eikefjord er svært stolt av å kunne presentere Stian som ny mangager, så under kampen i dag fekk han klubbgenseren som bevis på dette!