Eikefjord tapte borte i mot Årdal 2 i går!

Eikefjord Fotball sitt A-lag spelte bortekamp mot  Årdal 2 i går på Cuba Stadion. Resultatet vart 4-1 til heimelaget i ein kamp der Marius Hallem seriedebuterte for tangotrøyene.

Kampfakta:

4.divisjon, Laurdag 15. mai kl. 14.00
Årdal FK II - Eikefjord 4-1 (2-1)
Cuba stadion

1-0 etter 10 min

1-1 Sverre Martin Langedal etter 17 min

2-1 etter 35 min

3-1 etter 65 min

4-1 etter 75 min

Eikefjord stilte med fylgjande lag i frå start:

                                                        Nils Olav Opheim

Øyvind  Sørbø    Eirik Endestad     Bjarte Eikevik    Lars Martin Steinhovden

Joakim Brandsøy Tord Ness  Børge Langedal  Sondre Solheim

                         Dani Brandsøy   Sverre Martin Langedal

Byte på Eikefjord: Marius Hallem kom inn for Sondre Langedal til pause, medan Markus Tonheim kom inn for Eirik Endestad på slutten av kampen.

Etter tre strake sigrar på rad kom Eikefjord ned att på den berømte jorda. Eikefjord tapte alt i alt fortent i ein kamp der heimelaget var hakket betre enn tangotrøyene. Heimelaget tok leiinga tidleg i omgangen etter eit særs billeg mål på corner. Ballen vart slått inn i feltet, og etter mykje fram og tilbake fekk ein spelar på Årdal 2 tuppa ballen over mållinja. Her kunne nok dei oransjekledde med litt meir agressivitet ha klart å feie ballen vekk i frå målområde, men dette skjedde diverre ikkje og dermed 1-0 til heimelaget etter 10 minutt. Etter denne kalddusjen vakna dei oransjekledde litt etter litt, og både Sverre Martin, Joakim og Dani viste fine takter framover på bana. Etter 17  vart ein belønna med utlikning. Eikefjord fekk frispark på si høgre side. Joakim slo eit fint innlegg som Sverre Martin Langedal steig i vêret som Fugl Fønix, og høgast av alle dunka han ballen knallhardt inn i målet med pannebrasken.

Etter utlikninga laga begge lag fleire målsjanser, og bortelaget fekk eit mål på corner annulert grunna av at ballen var over dødlinja. Spelarane til bortelaget meinte heilt klart at ballen ikkje var ute, men dommaren blåste utspel i frå mål. Om ballen verkeleg var over dødlinja vert berre spekulasjonar, men om bortelaget hadde teke leiinga kunne kanskje kampen ha fått eit anna utfall.  Istaden var det heimelaget som fekk det viktige 2-1 målet like før pause.

I den andre omgangen laga heimelaget to mål til og sluttresultatet vart 4-1. Marius Hallem kom inn til pause og gjorde eit solid innhopp for dei oransjekledde. Han gjekk på skule i Stavanger, og han skal vere med for fullt no framover. Marius er broren til Even, som er keeper. Dei kjem i frå Solheim i Hyen. Elles viste midtbana og spissane glimtvis gode takter framover, spesielt Børge var god på midtbana for bortelaget, så det er ein del bra å ta med seg til neste kamp. Sjølv om resultatet seier 4-1 til heimelaget, så prøvde begge lag å spele ball og vinne duellar, så dette må ein kunne kalle ein ok fotballkamp i denne divisjonen for nøytrale tilskodarar. Dette var den fyrste kampen for begge laga på gras i år, så underlaget var nok i det glattaste lag for einskilde av spelarane.

Under opplesing av dei respektive lag sine spelarar, opplyste speaker på Cuba stadion at han tykte  Sondre Solheim hadde eit fint namn. Sondre svara på denne gesten med å vinke høfleg tilbake mannen bak glaset i speakerbua.