Damene tapte heime i mot Hornindal!

Damene tapte noko ufortent 3-4 i ein spanande kamp der tangotrøyene spelte ball i hatt med gjestene i den andre omgangen.

Det var ein fin ettermiddag for fotball då damene entra ei grøn og nyslått grasbane bada i  eit solskin ein berre finn her i fjorden. Og med eit nytt lagbilete denne ettermiddagen så skulle alt liggje for noko stort for tangotrøyene. Lagbilete vart sjølvsagt teke FØR ein starta med oppvarminga då  ein ville for all del unngå at pudder, rynkekrem, brunkrem og sminke  brått kom rennande nedover  sveitteelva som oftast tek med seg alt som kjem på sin veg. Spelarane på herrelaget slepp naturleg mykje av dei problema, men ein spelar må berre nemnast i den samanheng. Han går nemleg og gnir seg konstant i augene på kvar trening då pupillene får direkte innsprøyting av all hårgelèn som kjem fossande nedover panna. Og namnet på denne spelaren? He goes by the name of Wayne Rooney.

I halve den fyrste omgangen veit underteikna heilt ærleg ikkje heilt kva som skjedde, for han var ikkje komen då Ben Johan hadde blåst kampen i gang. Men så laga Hornindal to raske mål, og vips var stillinga 0-2. Så fekk Elin kanontreff på ballen som suste over halve bana og rett i mål!  1-2 og publikum på tribuna fekk på ny håp om siger og tre poeng. Mellom anna så hadde både Frøken Vågane og Lærarfrøken Sørbø store sjanser til å lage mål i denne fyrste omgangen. Det sat nok ein stykk Hallstensen på tribuna og tenkte med seg sjølv at berre om han hadde vore der nede på graset no så skulle heimelaget ha vunne med ti mål, minst. Diverre så ville seg ikkje for damene, og spelarane gjekk til pause med 1-2 til bortelaget.

Etter kvilen vakna heimelaget verkeleg til liv, og med Marthe Leversund i spissen, så  bombarderte ein rett nok Hornindal sin keeper med fleire farlege skot. I byrjinga skaut Marthe fleire gonger til side for mål, men etterkvart så byrja skota å sikte seg inn på sjølve målet, og ho fekk løn i form av to fine skot som gjekk forbi keeper og i mål. Heimelaget var no i føringa med 3-2. Marthe, Elin og Lærarfrøken Sørbø samarbeida fint ved fleire høve, og eitt av angrepa var teke rett ut av den berømte læreboka . Elles må ein nemne Susanne og Frøken Vågane som og stod fram i denne kampen.   

Etter dette laga Hornindal to mål og Eikefjord tapte kampen 3-4. Dette må seiast å vere to mål av den billege sorten, så alt i alt så vil ein seie at heimelaget burde iallefall ha fått uavgjort i denne kampen. Spelarane jobba godt i denne kampen, og damene viste for alvor at dei til tider kan spele svært så god fotball.

Kampfakta 4.div damer, Eikefjord stadion

Eikefjord-Hornindal 3-4 (1-2)

Mål Eikefjord: Elin Margrethe Sørbølaga eitt mål før kvilen, og Marthe Leversund to mål etter kvilen.

Gult kort: Frøken Vågane

Dommar:  Ben Johan Heimset. Ben Johan heiter eigentleg Benjamin, men han er kalla opp etter sin israelske favorittspelar på Liverpool. Namna er gode bibelske namn begge to.

Her er dei to målscorarane, dette er jentespelarane Marthe og Elin. Marthe har laga tre på dei to seriekampane damelaget har spelt.

Her er lagbilete av Hornindal.