Eikefjord vann 3-0 borte i mot Askvoll/Holmedal!

I den fyrste bortekampen for sesongen vann Eikefjord med eit sterk 0-3 resultat mot Askvoll/Holmedal. Eirik Endestad, Ørjan Midtun og Bjarte Eikevik laga måla i denne andre runden av 4.divisjon.

Eirik Endestad laga 0-1 på ei knallhard heading på corner til dei orangekledde i den fyrste omgangen. Stillinga til pause var 0-1. I den andre omgangen laga Ørjan Midtun og Bjarte Eikevik eitt mål kvar, og gjestene i frå Eikefjorden tok soleis med seg alle tre poenga heim.

Dette var det andre målet til Eirik Endestad for sesongen, og eit nøyaktig kopi av målet i frå heimekampen i mot Saga. I den fyrste omgangen spelte Eikefjord glimtvis god fotball, men det var i den andre omgangen at eikefjordingane verkeleg tok fram finspelet. Bortelaget hadde mange sjansar, og burde vel ha laga langt fleire mål enn det dommaren noterte på blokka.                                        

Bjarte, Eirik og Ørjan.

Eikefjord stilte med fylgjande lag:

                     Nils Olav

Øyvind      Eirik       Bjarte       Sigurd

Joakim     Jan Kåre   Ørjan     Tord

                   Sverre   Børge    

Benken(alltid den sterkaste lagdelen): Markus Tonhei, Sondre Langedal, Dani Brandsøy og Even Hallem.

Eikefjord gjorde eitt byte, Sverre Martin gjekk ut etter 80 spelte minutt den andre omgangen. Dani Brandsøy kom inn for Sverre.

Bileta nedanfor er i frå Eikefjord Cup i år der laga møtte kvarandre.

Les kva Askvoll/Holmedal skriv om kampen her!